AlBa-skulen har søkt godkjenning etter privatskulelova, melder avisa Sunnhordland.

Leiaren for skulen, Astrid Kjellevold Steinsland seier til avisa at kristendomsundervisninga skal utvidast i høve til den offentlege grunnskulen, men AlBa skal ikkje bli ein "fundamentalistisk kristen skule".

Skulen skal ikkje vera knytt til organisasjonar, kyrkjesamfunn eller andre privatskular. Stord kommune har enno ikkje handsama søknaden.