— Eg har sjølv vore åleinemor med ansvaret for tre born på Filippinane. Det var å arbeide 24 timar i døgnet for å skaffe mat til ungane. Eg veit at dei som sit att, ikkje får det så enkelt no, seier Nenita.

I butikken «Asiatisk Mat», som 53-åringen driv i Førde, har Nenita pynta med blomar, kveikt lys og sett fram det filippinske flagget for å heidre minnet til sjøfolka som miste livet i dramaet i Vatlestraumen måndag. Ein eigen kondolanseprotokoll er lagt fram for at kundane i butikkane kan skrive seg inn. Ved sida av står ei smekkfull pengebørse. I tillegg har ho oppretta innsamlingskonto i ein bank.

Dramaet måndag kveld har gått sterkt innpå Nenita:

— Eg blei sitjande å følgje med på nyheitssendingane heile kvelden. Eg fekk så vondt i hjartet mitt. Eg greidde nesten ikkje å sove, og ba til Jesus for sjømennene og om råd for kva eg kunne gjere. For noko måtte eg berre gjere. Så blei det dette. Eg har aldri gjort noko slikt før.

Dagen etter sende ho først blomar til Haukeland. Så ringde ho for å snakke med Jebsen-reiarlaget om ideen sin. I går annonserte ho innsamlingsaksjonen i lokalavisa.

Nenita Birkeflet har sjølv opplevd korleis det er å vere pårørande i sitt tidlegare heimland.

— Eg miste far min då eg var 12. Då drøymde eg om å bli advokat, men eg fekk aldri noko utdanning. Som vaksen blei eg åleine med tre små barn. Eg vaska for rikfolk, selde frukt og grønsaker. Det var arbeid døgnet rundt for å overleve og skaffe mat til borna.

— Du er redd for at dei som no sit att og har mista ein ektemann eller far i denne ulukka vil få det vanskeleg?

— Her i Norge er det vanskeleg å få forklart kor vanskeleg dei kan få det. Folk greier ikkje å forstå det.

Eit tjuetals personar hadde i går ettermiddag skrive seg inn i kondolanseprotokollen. Kor mykje pengar som hadde komme inn, hadde ikkje Nenita oversyn over.

— Eg veit ikkje om dette vil hjelpe. Men så har i alle fall gjort noko. Og eg har tru på hjartelaget til nordmenn. Eg trur dei vil bidra.

Når ho avsluttar innsamlingsaksjonen skal ho overlever pengane til Jebsen-reiarlaget som sit med adresser til dei pårørande og skal fordele pengane, seier Neninta som er langt frå å greie å leggje tragedien i Vatlestraumen bak seg:

— Det er grusom å tenkje på dei 15 omkomne som ikkje har blitt funne.

Kontonummeret til innsamlingsaksjonen er 3705.07.14250.

EIGEN KONDOLANSEPROTOKOLL: Nenita Birkelfet har lagt ut sin eigen kondolansprotokoll i butikken i Førde. Eit tjuetals personar hadde i går ettermiddag skrive inn namnet sitt.