På oppdrag frå Helsedirektoratet skal Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus gjennomføre ei stor helseundersøking av dei som vart eksponerte for Vest Tank-ulukka i Sløvåg i Gulen i mai i fjor.

_Les mer:

Her gjekk gifta frå Vest Tank_

Eksplosjonen førte til spreiing av kjemisk stoff over delar av Gulen og Masfjorden, og ei rekkje personar har meldt om helseplager.

Verktøy for framtida

Avdelingsleiar ved Yrkesmedisinsk avdeling, Tor B. Aasen, skal organisere helseundersøkinga.

Han seier at ei slik undersøking både kan ha effekt ved å gje god informasjon og oppfølging til dei som har vore sjuke, og at den kan vere eit verktøy til betre planlegging på samfunnsnivå ved moglege kjemikalieulukker i framtida.

Prosjektgruppa frå Helse Bergen har planlagt det første møtet i Gulen 13. august.

— Vi ventar framleis på ei nærare presisering av mandatet vårt frå Helsedirektoratet, men ei førebels skisse av hovudoppgåvene ved undersøkinga er alt formulert, seier Aasen.

- Må fjernast

— Det viktigaste blir å kartleggje risikovurdering, risikokommunikasjon og planlegging og gjennomføring av tiltak. Risikovurdering vil seie vurdering av kor stor faren er for sjukdom på kort eller lang sikt, ut frå den eksponeringa som er skildra og ut frå kva som er registrert frå helsetenesta si side. I tillegg må den påviste risikoen kommuniserast på ein trygg og grundig måte, slik at tvil og frykt blir rydda av vegen, seier han.

Sist men ikkje minst er det ifølgje Aasen klart nødvendig at det samtidig med ei helseundersøking må utførast sanering av det som måtte vera att av forureiningskjelder på staden.