Med blodprøver og helsesjekk gjennomført tre gongar over fem år, skal Haukeland Universitetssjukehus finne ut kva helseskadar innbyggjarane rundt Sløvåg kan ha fått.

Fleire hundre personar fekk plager etter eksplosjonen ved tankanlegget Vest Tank i fjor vår. Lukt frå restane etter eksplosjonen seig inn over store område i Gulen kommune og nabokommunen Masfjorden.

Hovudverk, kvalme og irriterte luftvegar var dei mest vanlege plagene. Dei verst råka gjekk sjukmelde i fleire månader.

– Undersøkinga ser etter helseeffektar av stoff som blei frigjort under brannen i Sløvåg. Dette er effektar som kan opptre etter både korta eller lengre tid, seier Tor B. Aasen, avdelingsdirektør ved sjukehuset.

Av dei 800 personane, er 400 dei som budde eller arbeidde nærast eksplosjonsstaden. Resten utgjer ei kontrollgruppe.

– Vi har kalla inn personar fram til jul. Det er viktig at dei som blir innkalla møter opp, slik at vi får eit påliteleg resultat. Dette gjeld også dei som ikkje vart eksponerte for kjemiske stoff, seier Aasen.

Undersøkinga skal mellom anna sjå om eit krefthemmande protein i menneskekroppen har blitt påverka av dei kjemiske stoffa i Gulens luftrom.

– Proteinet p53 passar på genmaterialet vårt. Vi trur dette proteinet kan bli på¬verka av kjemiske stoff, fortalde arbeidsmedisinar Bente Moen på eit folkemøte tidlegare arrangert av Haukeland Universitetssjukehus.

Helsesjekken skjer på Duesund.