Den aller første selolje-forskaren i Bergen var ein hovudfagsstudent på Nasjonalt institutt for ernæring og sjømatforsking (NIFES) i 1998.

Sidan har forskingsmiljøet i Bergen vakse seg større og større, og i dag arbeider ei rekkje forskarar ved Haukeland universitetssykehus og NIFES med selolje.

— Men framleis er vi berre i startgropa, seier forskar og dr.philos. Livar Frøyland ved NIFES.

«Eit under»

Det var Frøyland som fekk ideen om å teste selolje på pasientar med mage-tarm-problem. Derfor tok han kontakt med ein spesialist, professor Arnold Berstad, som utan å nøle sa ja til å prøve.

— Det var eit «sidesprang de luxe», smiler Berstad i dag.

— Men kven tør å ta eit slikt sprang? Hadde Berstad vendt tommelen ned, hadde alt stoppa der. I staden tok han og Haukeland universitetssykehus imot oss med opne armar, seier Frøyland.

Dei første dropane med selolje som vart brukt på pasientar i Bergen, var ei gåve frå forskarkolleger i Tromsø. I dag er det Rieber Skinn AS som syter for seloljeforsyningane til Haukeland.

Då forsøka begynte i 1998, var det kjent at omega-3-feittsyrer kan ha betennelsesdempande effekt. At pasientar med mage-tarm-sjukdommar ofte har leddsmerter i tillegg, ante derimot ikkje Livar Frøyland. Derfor vart han svært overraska over tilbakemeldingane frå dei første pasientane: Mage-tarm-problema var som før, men leddsmertene var borte.

— Pasientane fortalde at dei hadde fått langt betre livskvalitet og bad om meir selolje, fortel Frøyland.

Best effekt frå mat og olje

— Ein av dei første kvinnelege pasientane fortalde etterpå at dette var det største som hadde skjedd henne. Ho vart kvitt leddsmertene i ein periode, og kalla det eit under, seier Berstad til BT.

Analyser ved Revmatologisk avdeling viste også at pasientane hadde mindre leddsmerter etter seloljebehandling. Mens soyaolje, som inneheld omega-6-feittsyrer, hadde null effekt på vonde ledd, viser ein ny studie frå januar i år.

Pasientar som har delteke i forsøka, har fått flytande selolje gjennom sonde i nasen til magesekken.

— Kapslar verkar ikkje på same måte. Førebels veit vi ikkje kvifor. Men nye, viktige funn tyder på at opptak av omega-3-feittsyrer frå kapslar ikkje er like effektivt som omega-3 frå mat og olje, seier Frøyland.

- For folk flest held det lenge med den daglege skeia med tran, meiner både han og Frøyland.

Elles er selolje ingen delikatesse. Det luktar ramt og smakar vondt. Berstad har aldri smakt desse dropane, i motsetning til Frøyland.

— Uraffinert olje smakar rimeleg heftig. Men den nye, raffinerte selolja er tilnærma smaklaus, seier Frøyland.