— Vi fekk melding kvart på ni lørdag kveld om at det var sett fyr på to bosspann ved Halbrend skule. Brannvesenet rykte ut, men da politiet kom var gjerningsmennene borte, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Oppdaga av nabo

Vitne skal ha observert tre-fire ungdommar på staden like før politiet kom.

Ifølgje brannsjef Bernhard Øberg, kunne branntilløpa utvikla seg alvorleg og ført til stor skade på skulebygningen, dersom dei ikkje hadde blitt oppdaga i tide, skriv avisa Firda.

- Kunne tent på

Tilfeldigvis vart flammane ved skulebygningen sett av ein nabo, som slo alarm og varsla politiet.

— Flammane frå bossdunkane kunne tent på skulebygningen. Bossdunkane står inne under tak, og hadde flammane fått vekse og nådd opp i takfjølene, kunne brannen spreidd seg. Hadde dette skjedd ei anna tid på døgeret, kunne det blitt alvorleg, seier Øberg til Firda.