— Venskapen vår står klippefast. Me står hugheilt på HSD si side, seier leiar Lars Slettebø i Venelaget for HSD.

Venelaget blei skipa av ferjeentusiastar på Stord for mellom anna å nedkjempa planane om Trekantsambandet Stord - Bømlo - Sveio for ti år sidan. Snart to år etter at sambandet blei opna for trafikk er det framleis liv i Venelaget for HSD (Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap).

— Me synes at HSD i det siste har fått mykje kritikk, også ufortent. Selskapet gjer som alle oss andre; trør feil av og til. Det er berre det at det viser så godt att når HSD gjer feil.

Trykkfeil i aviser til dømes får ikkje så store konsekvensar som tastefeil på skip, seier Lars Slettebø.

Den 45-årige teiknaren og læraren frå Stord har også husvære på Halsnøy, og reiser ofte over fjorden med HSD sitt sjøgåande materiell.

— Eg har alltid følt meg trygg om bord hos HSD, og gjer det framleis. Eg håpar no at livet vender tilbake til det normale for selskapet, seier Slettebø, som gjennom tidene har offentleggjort mange teikningar som harsellerer med HSD-kulturen.

— I den situasjonen selskapet er i no, så passar det ikkje med skjemt, seier han bestemt. Og opplyser at venelaget på ny skal arrangera ein solidaritetskveld for HSD på etterjulsvinteren.

- Mantra for oss

HSD har førebels ikkje lansert konkrete planar om namneendring for selskapet à la Fjord 1 i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

— Me vil setja oss sterkt på bakbeina dersom HSD skulle finna på å skifta namn. For oss er HSD som eit mantra på våre kantar, seier Lars Slettebø.

— Eg ser elles at fylkersådmannen vil bruka mange hundre tusen kroner for at Sunnhordland skal finna identiteten sin. Det er berre å løysa billett på ferja Sunde - Ranavik - Leirvik, der kostar det 30 kroner å finna den etterlyste identiteten, kommenterer Slettebø.

HSD-VEN: Trass skandaleoppslag på skandaleoppslag om HSD – me sviktar aldri selskapet, seier Lars Slettebø i Venelaget for HSD. FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR