Ein knapp time tidlegare har dei sett skrifta på veggen. Direktørar i Helse Førde, helseføretaket i Sogn og Fjordane, har fortalt at sjukehuset kan bli avvikla. Ein psykiatrisk poliklinikk med 14 stillingar blir att. I dag har 160 arbeidsstaden sin ved Florø-sjukehuset.

— Vi skal gjere som musikarane på «Titanic», spele til båten går ned, seier sjukepleiar Irene Hjorthol.

Kollegaene bryt ut i nye latterkuler. Det er godt å avreagere når arbeidsplassen ser ut til å forsvinne.

Oppgitt

Men bak salvene av latter skjuler seg frustrasjon og sinne. Over ikkje å nå fram, over ikkje å få gehør.

— Dei som har jobba med desse planane har ikkje sett sine bein her. Dei køyrer si eiga linje heilt og fullt. Då dei orienterte oss om framlegget, prøvde vi å stille nokre spørsmål. Men dei kunne ikkje svare, sjølv om spørsmåla var enkle. Då blir du oppgitt, er omkvedet mellom sjukepleiarane.

For å kome til vaktrommet har vi gått gjennom nyoppussa sjukehuskorridorar. Noko av det siste Sogn og Fjordane fylke gjorde som sjukehuseigar, var å byggje om og pusse opp Florø-sjukehuset. Arbeidet kosta 16 millionar. Eitt år etter kan det bli tomt i korridorane.

— Vi gjer ein kjempejobb. Vi er effektive og kvalitetsbevisste. Det skal mykje til for å overtyde oss om at det er rett å leggje oss ned, seier Hjorthol.

Fakkeltog

Også administrasjonssjefen ved sjukehuset, Harald Lindvik, er oppgitt.

— Det er pasientane dette går utover. Akkurat det må vi ikkje tape av syne.

Lindvik har kjempa i mang ein sjukehuskamp. På 70-talet gjekk 10.000 i fakkeltog gjennom Florø sentrum. Den gongen berga dei institusjonen. Også gjentekne forsøk seinare er blitt stoppa.

— Dette er den gamle sjukehusstriden. No skal dei ta att, dei som har tapt før. Vi har vore oppi dette så mange gonger at vi nesten er blitt immune, meiner Lindvik.

Men han trur det kan bli vanskelegare å vinne fram denne gongen. Før var det fylkeskommunen dei måtte slåst mot. Politikarar dei kjende, kunne nå fram til og påverke. No er Lindvik ikkje heilt sikker på kva som er rett adresse for motstanden.

— Når ikkje ein gong stortingsrepresentantar veit kvar dei skal gå, er det ikkje så enkelt, sukkar Lindvik.

Reform har spelt fallitt

Etter å ha vunne kamp etter kamp mot fylket, kan den nye sjukehuseigaren, den norske staten, bli ein endå tøffare motstandar. Den nye eigaren har dei forresten ikkje mykje til overs for i Florø.

— No er det sjølvsagt tidleg å trekkje konklusjonar, men når det kan sjå ut til at den nye helsereforma manglar fem milliardar kroner etter eitt år, ser det i alle fall for meg ut til at det er i ferd med å spele fallitt, meiner Lindvik.

Men ein ting lovar florøværingane: Kamp blir det denne gongen også.

Alt før gårsdagens innstilling var aksjonskomiteen for sjukehuset sett seg i sving. Og på vaktrommet er alle einige om at engasjementet blir like sterkt denne gongen som før.

Og er det noko florøværingar kan, så er det å kjempe for sjukehuset sitt. Dei har lang erfaring.

PÅ VAKT: Sjukepleiarane Irene Hjorthol (nærast), Anne-Brith Hagevik (frå høgre rundt bordet), Mikael Eriksson, Karianne Skavøy og Gro Utkilen føler dei ikkje blir høyrde. Frustrasjon pregar dei tilsette. Sjukehusdrifta i Florø kan bli avvikla. (Foto: Oddleiv Apneseth)