HANS K. MJELVA

— Skuffande og spesielt, seier byrådsleiar Monica Mæland (H), etter at BT i går kunne fortelje at Kulturdepartementet har droppa kravet om at NRK og TV 2s nye digitale bakkenettselskap, Norges Televisjon (NTV), skulle leggjast utanfor Oslo.

Etter Kulturkomiteen på Stortinget i februar bad departementet «vurdere om konsesjonæren for det digitale bakkenettet NTV kan lokaliseres utanfor Oslo-området», rekna dei fleste med at Bergen låg godt an til å få det nye selskapet. Det trudde òg byrådsleiaren.

— Eg forstod det slik at det ikkje var noe problem, og at vi fekk gjennomslag for Bergen som lokalitet. Difor verkar det rart at spørsmålet om lokalitet har ramla ut av konsesjonsteksten, seier Mæland, som no vil ta saka opp med departementet.

— Vi vil ta kontakt med Kulturdepartementet og peike på kor viktig dette er for Bergen.

— Så løpet er ikkje køyrd?

— Nei, slik eg oppfattar kommentarane frå Kulturdepartementet kan dei ikkje forklare kvifor lokaliseringskravet ikkje er med. Vi må nesten tru at dette er eit arbeidsuhell, seier ho.

Byrådet vil få følgje med mellom andre fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF), som onsdag sendte brev til statsmininsteren om saka.