Sjølv om det frå fleire hald er reist krav om at styret i helseføretaket i Sogn og Fjordane skulle ta opp att den omstridde saka om å kutte i ortopedien ved sjukehuset i Indre Sogn, var dette aldri aktuell politikk. Som meldt i Bergens Tidende i går vurderer Helse Førde det slik at denne saka no er plassert i fanget på Helse Vest. Det skjedde då Helsedepartementet instruerte Helse Vest om å ta opp saka. Ho blir lagt fram for på styremøtet i Stavanger 6. september.

Administrerande direktør Jon Bolstad var så vidt innom Lærdalsortopedien då han informerte om den svært vanskeleg situasjonen i helseføretaket. Han offentleggjorde notatet laga ved sjukehuset i Lærdal der konklusjonen er at Helse Førde vil tape pengar på å leggje ned ortopedien. Bolstad meiner notatet byggje på fleire ukorrekte føresetnader. Som meldt i gårsdagens utgåve av Bergens Tidende trur Helse Førde dei vil spare tre millionar kroner på å kutte i ortopedien i Lærdal.

Kraftige tiltak

Helse Førde har krav på seg om å få drifta i balanse, og styret vedtok i går fleire nye sparetiltak. Det er innført innkjøpsstopp i heile sjukehusvesenet i fylket. Vidare blir det gjennomført total stopp i alle vedlikehaldsprogram og innkjøp av medisinsk teknisk utstyr. Unntaket er dersom dette ikkje er nødvendig i høve liv og helse. Bruk av overtid og innleigd arbeidskraft skal reduserast til eit minimum, og langt på veg er det også innført tilsetjingsstopp. Ledige stillingar skal stå tomme i minst tre månader.

Med den effekten denne kraftige kosten er venta å ha, er underskotet i føretaket no nedjustert til 10 millionar kroner. Fleire styremedlemer understreka at dette er tiltak av kortsiktig karakter, og at andre grep må til seinare.

— Ein del av desse tiltaka kan ikkje vere evigvarande, understreka Jorunn Ringstad.

Fare for Florø

På gårsdagens styremøte blei det også kjent at nærsjukehuset i Florø kan bli kraftig redusert. Nærsjukehuset, med status som eit nasjonalt pilotprosjekt, er eit samarbeid mellom Helse Førde og kommunane Flora og Bremanger.

Nærsjukehuset har ein sengepost på 14 senger, og dette er den største enkeltaktiviteten ved nærsjukehuset. Helse Førde skal betale for fem av sengene, Bremanger for tre og Flora for seks. Nedskjeringane som no kan bli eit faktum, skjer fordi Bremanger ikkje vil betale for dei tre sengene dei i følgje avtalen skal finansiere. Når Bremanger ikkje oppfyller sin del, meiner Helse Førde avtalen om sengeposten er broten.

Styret avgjorde i går at administrasjonen skal leggje fram ei sak om sengeposten til neste møte. Mykje tyder på at helseføretaket då vil trekkje seg frå samarbeidet og avvikle sjukehussengene i Florø.