Det var i går at «Imara» s advokat Walter Høivik mottok brevet frå Utlendingsnemnda. Utsetjinga kjem ifølgje brevet fordi nemnda har innhenta ny informasjon i saka.

— No slepp iallfall «Imara» leve i frykt for å bli sendt ut av landet kva dag som helst. Vi har jo kravd at avslaget på opphaldsløyve må omgjerast. Den framtidige situasjonen hennar avheng sjølvsagt av korleis nemnda stiller seg til dette, seier Høivik.

Høivik ser på dette som eit steg i rett retning for «Imara», som opplevde å få eit utvisingsvedtak mot seg sjølv etter at ho vart utsett for seksuelle overgrep medan ho budde på norsk asylmottak.

Då Bergens Tidende intervjua «Imara» for ei veke sidan, var ho livredd for å opphalde seg i sitt eige husvære. Politiet sat då med det dei oppfatta som eit gyldig utvisingsvedtak, og kunne dukke opp på døra hennar kva tid som helst.

Difor heldt «Imara» seg minst mogeleg heime, og tilbrakte heller dagane i Bergen sentrum.

No kan ho trygt opphalde seg i sitt eige husvære, i alle fall fram til utlendingsnemnda har gjort sitt endelege vedtak.

— Det har vore fokus på asylsaker den sist tida, og regjeringa har bebuda at seksuelt misbruk skal gje grunnlag for opphald på humanitært grunnlag. Slik sett verkar det som om tida arbeider for «Imara» no, seier advokat Høivik.