Dei gjekk inn på anleggsområdet, såg seg litt om for å finne den beste plassen, og sette seg ned på kvar sine buntar med delar til mastene.

Arne Andersen (64) og Aksel L. Helleve (65) protesterte i dag mot mastene i Hardanger.

Etter tre timar, klokka 16.30, ga dei seg. Då var protesten i Folkedal i Granvin over. Frå sin anleggsplass i dalen, monterer Statnetts arbeidarar mastene i store delar. Deretter blir delane, kvar 1,2 tonn, flydd med helikopter til omkringliggande fjell.

Pensjonistnytte

— Statnett sa at dei skulle ringe politiet, men eg veit ikkje om det skjedde. Dei kom i alle fall ikkje, seier Helleve.

Aksjonen er til saman den rundt tiande dagen med protestar mot mastene frå Simadal i Eidfjord til Samnanger, ifølgje Statnett.

Dei to, begge tidlegare lærarar i vidaregåande skule, melde seg inn i kampen mot mastebygginga, ein kamp dei veit dei har tapt.

— Dette er eit så stort overgrep at eg ikkje ville sitte å sjå på, seier Helleve.

— Litt nytte må eg gjere for meg som pensjonist, seier Andersen.

Arbeidsdagens slutt

Mens aksjonistane er lei Statnett, er Statnett truleg like lei aksjonistane.

Halvannan time etter at Andersen og Helleve først sette seg ned, kom Statnetts byggeleiar Lars Aga.

— Det begynner å tære på, seier Aga.

Men politiet blei aldri tilkalla i dag.

— Vi var så nær, og ville ha oversikt sjølve. Når det er slik det er, kunne vi sette igang igjen delar av arbeidet, seier Aga.

Mens arbeidsdagen var på veg til å slutte for entreprenørane i kroatiske Dalekovod, fann Helleve og Andersen ut at dei ville avslutte dagens aksjon.

— Vi fann ut at vi hadde oppnådd det vi ville. Vi hadde hindra dei litt og vist at det framleis er liv i motstandarane, seier Helleve.