Det meiner avtroppande president i selskapet, Magnus Stangeland. I eit brev til dei 13 medlemene av landsrådet ber han om at morgondagens ekstraordinære landsmøte går for opne dører. Stangeland meiner at å sleppe media til, vil bidra til ei god og balansert gjennomføring av valet:

— Det vil kunne dempe temperaturen på møtet, og bidra positivt til å oppretthalde ein sakleg debatt.

Avgjer sjølve

Etter at det frå sentralt hald i selskapet har kome signal om at dørene vil kunne bli stengde, har det kome protestar frå fleire hald. Mellom dei som har reist krav om opne dører er Johan Fr. Kroepelien.

Til Bergens Tidende seier landsrådsleiar Niels Christian Bang at det er landsmøtet sjølv som må ta stilling til dette spørsmålet.

— Det er ikkje noko i vedtektene som seier om møtet skal vere ope eller ikkje. Dermed må landsmøtet sjølv avgjere om landsmøtet skal vere ope, seier Bang.

Dei 13 distriktsleiarane som utgjer det ekstraordinære landsmøtet må altså starte laurdagen med å stemme over om møtet skal vere ope eller ikkje.

Grobotn for spekulasjonar

Det ekstraordinære landsmøtet skal handsame ei sak, nemleg val av nytt styre. Magnus Stangeland kjem med eit krystallklart råd til dei 13 distriktsleiarane:

— Dersom møtet blir lukka for media og andre interesserte, vil det gje grobotn for spekulasjonar om at valet ikkje blir gjennomført på eit vis som toler offentleg søkjelys, skriv han.

I brevet understrekar Stangeland sterkt at selskapet må vere seg bevisst behovet for å gjenreise tilliten i den norske opinionen.

— Dette har store betydning for om selskapet også i framtida skal vere eit «folkerederi» for berging av menneske og godt på sjøen.

Får vite det likevel

Stangeland viser til erfaringane dei siste månadene om at pressa likevel får kjennskap til vedtak og diskusjonar frå møte i styrande organ i selskapet, same kor stengde dørene er.

— Dersom møtet er ope, vil pressa kunne byggje på førstehandsinformasjon. Det vil vere av interesse for oss alle at pressa får korrekt informasjon, og ikkje byggjer på andrehandskjelder. Det kan lett føre til mistolkingar og ugrunna negativ omtale av Redningsselskapet.