Kvinna fortel om den vonde opplevinga i dagens Firda. Men trass i indre blødingar i hjernen, brot i ein nakkevirvel og knekt kinnbein ser ho humoren i historien.

— Eg må jo berre le av dette. Eg meiner, å bli stanga ned av ei ku! seier ho til Firda.

Det var på sykkeltur i Sundsdalen på Sunde førre veke at uhellet skjedde. Bremer og kjærasten Geir Farsund sykla ned ein bakke.

— Eg såg at kua prøvde kome seg over vegen, og prøvde sykle rundt den. Men idet eg nærma meg, tok ho fart og raste inn i sida mi. Meir hugsar eg ikkje, forklarer ho.

— Då eg snudde meg, låg Helena på bakken med hovudet mot asfalten. Og det rann blod rundt henne, forklarer Farsund.

Helena var medvitslaus i fire-fem minutt og måtte liggje ei veke på sjukehuset.

— Dei prøvde jo blant anna å gje meg Litagoyoghurt på sjukehuset. Men då sa eg stopp, humrar ho.