– Eg tok ho nok ikkje alvorleg nok då ho stanga lett i meg første gangen, fortel Odd Stokke som vart angripen av ei illsint ku på veg ned frå tur over Tveitanipa i Meland i juni. Neste angrep vart katastrofalt, og 72-åringen vart liggjande i fire-fem timar med knekt rygg, fleire brotne ribbein og punterte lunger. Då han vart funnen av sonen var det ikkje mykje liv i den pensjonerte bonden.

Fysikken redda livet

– Då eg låg der oppdaga eg at eg var blitt lam, det var ei underleg kjensle, seier Stokke. Han er overraska over det brutale oppførselen til kua, som tråkka han hjelpelaust ned i marka.

– Eg er van med kyr, men skjønar ikkje kva som skjedde. Kua må rett og slett ha vore vond, seier Stokke. Etter han vart funnen bar det rett til Haukeland med helikopter, der han svevde mellom liv og død.

– Legen sa det var den gode fysikken min som redda livet mitt, seier 72-åringen. Etter nesten fem månader på sjukehus er han no heime hos kona.

– Utruleg framgang

Tre dagar i veka er han på fysikalsk behandling på Frekhaug.

– No er det veldig viktig at Odd får stimulert balansen og blodsirkulasjonen i føtene, fortel fysioterapeut Magne Legernes. Stokke blir heist opp i ein stråstol som skal hjelpa han til å nå desse måla. Som legen på sjukehuset, skryt Legernes av den spreke 72åringen.

– Han har hatt ein utruleg framgang, fortel Legernes. Stokke må venne seg til eit heilt nytt liv lenkja til rullestolen.

– Det er ein veldig overgang for meg, og no må eg leggje fjellvandring og arbeid på garden på hylla, seier Stokke. Han er likevel ved godt mot.

Glad for å vera i live

– Eg er utruleg takksam for at det trass alt har gått så bra, seier Stokke. Han og kona har fått mange oppmuntringar frå slekt, vener og til og med blomstrar frå kommunen.

– Slik støtte varmar veldig, seier han med eit tappert smil på lur.

– Hadde me ikkje hatt trua vår å støtta oss til, hadde ulykka vore mykje verre å koma igjennom.

Rune Berentsen