Stang har vore ansvarleg redaktør for den andre A-presseavisa i Sunnfjord, Firda-posten i Florø, i sju og eit halvt år. Stang har presseerfaring som vaktsjef og journalist for Firda-posten i Florø og lokalkontor i Førde, samt erfaring frå skuleverket i kommunane Naustdal og Førde.

A-pressen har fått kritikk for å ha kjørt ein heilt lukka prosess i jakta på ny redaktør i Før-de, og tilsetjinga har dradd ut fleire månader lenger enn planlagt. Jan Atle Stang byrjar i stillinga som redaktør for den største avisa i Sogn og Fjordane så snart som råd, ifølgje NRK.