ARNE HOFSETH

— Redusert fartsgrense til 70 km/t på enkelte strekningar, kan ha hatt ein positiv effekt, seier Nils Sperrevik ved Distriktsvegkontoret på Voss til Bergens Tidende.

Han understrekar at talet på registrerte uhell og ulykker med personskade, stor eller liten, slett ikkje viser stor nedgang.

— Det er alvorsgraden i personskadane som viser ei gledeleg betring, seier han.

Grense på 70 km/t

Forskarane har funne ut at det går ei magisk grense på 70 km/t. Kolliderer du i høgare fart, er sjansane for å dø store. Er farten lågare, aukar sjansen til å overleva. Tilsvarande «overlevingsgrense» ligg på 30 km/t, for bilen, når bil møter syklist eller fotgjengar.

1995 og 1996 vart dei svartaste åra for denne strekninga av E16. Seks dødsulykker kravde åtte menneskeliv. Dessutan vart ein person svært alvorleg skadd. Det vil seia at vedkomande har fått alvorlege, varige mein. I 34 andre registrerte ulykker desse to åra, vart åtte personar alvorleg skadde, og 30 kom lettare til skade.

Før den tid hadde tre personar mist livet sidan stamvegopninga i 1992. To døydde i 1993 og ein i 1994. Vegen fekk tilnamnet dødsvegen før talet på omkomne nådde 11 i romjula 1996. Men i Vegstellet stiller ein seg skeptisk til ein slik karakteristikk. Opphopinga kan ha vore tilfeldig. Ulykkene hadde nesten ingen felles trekk.

Under oppsikt

Likevel er vegen stadig under oppsikt, og det vert stadig gjort utbetringa, dei aller fleste små, som skilting og endring på autovern, men også eit såpass stort tiltak som bygginga av Bogetunnelen.

— Meir bruk av automatisk trafikkontroll og hyppigare manuelle kontrollar av fart og bilbeltebruk, har nok også hatt sin verknad, saman med kollisjonsputer og andre «passivt» tryggleiksutstyr i bilane, seier Sperrevik.

Tidlegare målte Vegstellet tryggleiken på vegane ut frå talet på ulykker per år per kilometer veg vekta mot trafikktettleiken på vegen. Dermed talde ei dødsulykke jamnt med ein lettare skade.

Stadig utbetring

— Etter innføringa av «nullvisjonen», med mål å unngå drepne og invalidiserte i trafikken, har vi også teke med alvorsgraden i personskadane, fortel Sperrevik.

Konsekvensen er at stader med fare for dødsulykker flytter oppover i prioritet på tiltakslista, medan til dømes kronglete rundkøyringar må venta lengre på ombygging. Her kan det gjerne smella hyppig, men låg fart gir mindre alvorlege skadar.

Vegstellet ventar no på bare vegar før dei held fram med ei omfattande vurdering av ei rekke detaljar på vegstrekninga. Det skal setjast opp ei liste over utbetringstiltak. Men det er uvisst om fartsgrensa kan aukast att til 80 km/t når tiltaka er gjennomført.