Marit Brendz

Fem karar studerer travsidene, kanskje nettopp dette er dagen for den store gevinsten?

Kring 20 faste kundar frekventerer bakrommet, også kalla «Lykkeboden». Dei aller fleste røyker. Men for dei som ikkje tåler sigarettrøyk er det mogleg å følgje med ute i sjølv butikken, her heng og ein tv-skjerm.

Det er ikkje ofte ein snusar inn den gode (?) gamle røykeromslukta lenger. Eigaren av kiosk og bakrom med trav, Øystein Hope, kjem innom for å sjekke at journalistane ikkje plagar gjestene. Det er nok best at vi kjøper kvar vår kupong.

Medan Hansen får kyndig hjelp frå ein av veteranane, satsar Bendz på ein ferdigutfylt. Det første løpet startar ikkje før om ein time, men nokre spelarane kjem i god tid, studerer avisene, følgjer direktesendinga, vurderer stalltipsa. Hope set på ny kaffi. Men ingen bilete, takk. Ingen namn. Her vil vi vere i fred, seier dei og snur ryggen til, dukkar ned bak avisa eller tek seg ein tur ut.

— Dette er ei frisone, forklarer Hope. Det er spenninga, det sportslege, interessa for hest og det sosiale som tel. Alle gler seg om ein vinn. Men ingen vert rike av å spele på hestar.

— Vi held oss no med spelepengar, seier dei.

Det vesle rommar har friskluft- og avtrekksvifte, eigen utgang og ein kaffitraktar i hjørnet. På veggen heng ein blå boks for friviljuge kaffipengar. Fire bord flyt med V6-kupongar, pappkrus og aviser som er slått opp på dei sidene dei fleste av oss berre blar forbi.

I fjordhestfylket Sogn og Fjordane har interessa for travhest vore laber. Men då Hope tok over kiosken på Handelshuset i 2000, var Rikstoto Direkte det første han etablerte. Over disken heng diplom, sju spelarar har vunne over 100.000 kroner så langt.

— Fleire og fleire opplever den sosiale sida ved hesteveddeløp, seier han ivrig, for dette er levande dyr, ikkje daude lottokular. Karane har tileigna seg stor kunnskap om travsport. Og dei fleste røyker.

— Han skulle hatt seg ein kakk, Høybråten, humrar ein av dei. Men er det alltid berre karar her?

— Nei, det hender det stikk nokre damer innom også. Dei er velkomne så lenge dei held kjeft når dei skal, seier karane, og skular ligg engstelege bort på oss. Når løpet startar er det tabu å seie noko. Berre eit ørlite innbite; Fader, han vart diska!

Røykepolitiet har ingenting å utsette på røykerommet.

— Eg er berre vorte munnleg orientert og har ikkje sett rommet, men det verkar heilt greitt, så lenge det finst tilsvarande tilbod for dei som ikkje røyker, og det gjer det jo her, seier leiar for helsetenestene i Førde, Asmund Friborg. Det er heller ikkje servering her. Lova seier at ein ikkje kan pålegge folk å arbeide der det vert røykt, så det er framleis lov til dømes å ha røykerom på hotell, så lenge ein kan finne gode praktiske løysingar så folk slepp å reingjere romma medan det vert røykt, seier Friborg, som meiner at regelverket slett ikkje er så strengt som mange trur.

Første løp gjekk rett inn hos oss begge, Keik Jo leverte! Vi røyker, drikk kaffi og vurderer sjansane til Alm Pira og Hokus Pokus. Spenninga stig. Men andre løp gjekk skeis. Då forlét vi Lykkeboden, og gjekk glipp av jubelen i røykskya då ein av gjengen vann nærare 10.000 kroner.