— Det må nesten vera nokon med ein gamal rigg som manglar kontrollpanel, seier Inge Nævdal i Vestnorsk Brønnboring.

Riggen skulle brukast til å bore hol under vegen nord for kogen-anlegget i Skogsvåg.

— Dette tjuveriet kostar oss 15.000 kroner dagen, seier Kåre Bjorøy i Sartor Maskin, som hadde leigd inn utstyret. Fjell og Sund lensmannskontor vil gjerne snakke med vitne som har passert staden torsdag kveld eller natt til fredag.