Deretter køyrde han til Skei i Jølster — truleg på jakt etter ein flaskeautomat med stor kapasitet.

Men panten fekk han aldri kassert inn: Politiet fekk tips om flasketransporten, og pågreip mannen. Kassene med tomgods forsvann truleg frå lagerområdet til Lerum Fabrikker natt til torsdag og fredag.

— Fredag mangla 307 kasser, det tilsvarer vel 12.000 kroner i pant. Vi har også hatt problem med slike tjuveri tidlegare, seier fabrikksjef Trine Lerum.

Den mistenkte sat i natt i arresten i Sogndal, der han også vart spurt ut av politiet. Han er tidlegare dømt blant anna for vinningsbrotsverk.