HANNE KATRINE MUNDAL

SIV ANITA ØVREBØ

Det var ved 2.20-tida natt til måndag at alarmen på Samvirkelaget gjekk. Politiet på Skei fekk ikkje beskjed om dette før 8.15 om morgonen. Gjerningsmennene skal ha kutta linjene så alarmen kopla ut etter ei stund. Dette kan vere ei av årsakene til at ingen i nærmiljøet sa ifrå.

Gjorde hærverk

Tjuvane øydela bakdøra ved hjelp av brytereiskapar.

— Dei må ha lagt stor press på døra, for låsen har roke, seier Knut B. Skurtveit, lensmann i Jølster. Politiet har sikra seg tekniske spor. Dei har og funne bilspor på ein sideveg, der vitne har påstått å ha sett ein bil køyre like etter at innbrotet skal ha skjedd.

Erfarne tjuvar

— Tjuvane må ha vore erfarne, sidan dei fekk kopla ut alarmen så raskt. Dei visste kva dei var ute etter, seier Skurtveit.

Politiet ynskjer å kome i kontakt med vitne som kan ha sett eller høyrt noko mistenkeleg på det aktuelle tidspunktet.