Det er stor spennvidde i tjuveri-sektoren for tida. To karar er dømde i Voss tingrett for brot på narkotikalovgjevinga og svært uvanlege tjuveri. Ein av karane er dømd for å ha stole straum for ein halv tusenlapp frå Energiverket, 11 splintvestar frå Heimevernet og fire aluminiumsfelgar med sommardekk frå ein privatbil.

Han har dessutan sett skilt frå andre bilar på den avskilta bilen sin, slik at han framstod som lovleg registrert.

Mannen var ikkje rådlaus då Voss Energiverk stengde av straumen og plomberte målarsikringane. Han braut opp plomberinga og sette i nye sikringar.

I løpet av dei 13 neste dagane, før Energiverket oppdaga kva som gjekk føre seg, tappa han nettet for 885 kilowattimar, som etter straumprisane i mai i fjor, utgjorde 545 kroner.

I raidet mot heimevernsdepotet var han saman med fleire. Dei braut opp ei ytterdør og tok med seg splintvestar til ein verdi av 16.566 kroner.

Retten legg vekt på at det er viktig å verna militære anlegg ut frå den beredskapsmessige funksjonen dei er meint å ha. Likevel gir retten to års prøvetid på halvparten av fengselstraffa. Det kan vera ein motivasjon til å halda seg unna vidare kriminalitet, heiter det i domsgrunnane. Men 60 dagar må sonast.

Den andre karen stal ei fele til rundt 20.000 kroner på Kringsjå pensjonat, innkvarteringsdelen til Ole Bull Akademiet. Ved innbrotet i pensjonatet tok han også med seg skuffa i kassaapparatet.

Ein sundag i september, medan den nye kjøpesenteret i Haugamoen, Amfi-senteret, framleis var under bygging, braut han seg inn på anleggsområdet og stal ei bygningssag, til rundt 10.000 kroner som tilhøyrde eit byggmeisterfirma.

Han vart dømt til 30 dagar fengsel på vilkår, med to års prøvetid, og blir såleis ikkje bura inne denne gongen. Retten legg vekt på at mannen no har skaffa seg arbeid, og kan vera på veg bort frå kriminaliteten. Men han må betala 3000 kroner i bot.

Det neste av tjuvegodset er kome til rette, men straumstelaren vart dømd til å betala ei ekstra straumrekning, for 13 dagar.