I Fjordane tingrett erkjente Flora-mannen i 60-åra å ha tjuvkopla seg til straumnettet. Han la han alle korta på bordet, og erkjente straffskuld i tråd med politiets sikting.

Brukte sveisepinnar

Dette inneber at han vedgjekk å ha kopla seg til straumnettet i perioden mellom 2002 og februar i år.

Første gongen brukte han tre sveisepinnar, bøygde dei til krokar, kopla til kablar og heiste dei opp til det straumførande nettet. Deretter festa han opplegget til stolpen og avslutta installasjonen med ein stikkontakt i bakkenivå.

Deretter kobla han seg i stikkontakten og trekkte ein kabel dei cirka hundre meterane fram til sitt eige hus.

Ifølgje dommen brukte han grovt sett den same framgangsmåten ved tjuvkopling nummer to, med den skilnad at koplingspunktet da var 50 meter nærare huset.

Ved begge tilfella kunne mannen nyte godt av gratis, avgiftsfri elektrisk straum frå Sogn og Fjordane Energi AS (SFE), levert heim utan den minste nettleige.

Var blakk

Men gleda over gratis energi varte berre så lenge.

For den 4. februar i år hadde SFE registrert at noko var gale på linja, og sendte ut sine folk for å sjekke. Dermed kom tjuvkoplinga for ein dag, og straumtjuven vart politimeld.

I retten forklarte den uføretrygda mannen at straumtappinga skjedde fordi han ikkje hadde pengar til å betale for straumen.

Tingretten slutta seg til politiets straffeforslag, som inneber 30 dagars fengsel på vilkår og 3.000 kroner i bot.

I skjerpande retning har retten vektlagt at slik tilkopling til straumnettet utgjer ein openberr fare og har eit stort skadepotensiale for menneske og dyr. I tillegg har retten lagt vekt på den skade tjuvkoplinga gjorde på straumlina, og dei utrykningskostnadene lineeigaren vart påført for å sikre straum til andre kundar.

Direkte livsfarleg

Erstatninga til SFE på 38.058 kroner refererer seg til 27.000 kroner i tapt straum og avgifter pluss 11.058 kroner i utgifter til reparasjon av lina.

Og Torgrim Øvrebø i SFE Nett rår naturleg nok ingen til å tukle med linjenettet på denne måten. Og det er ikkje berre på grunn av at energiselskapet blir tappa for verdiar.

— Framfor alt er denne aktiviteten direkte livsfarleg. Spesielt høg risiko er det ved å kople seg til blanke leiarar slik som i dette tilfellet, seier Øvrebø. - Opp gjennom åra har det vore ei rekke ulukker på grunn av dette. Også i vårt nærområde har vi opplevd dødsulukker.