PER MARIFJÆREN

Frå 26. juni 2001 til desember 2003 stal mannen elektrisk kraft frå leverandøren Sunnfjord Energi ved å tjuvkople seg på lina i nabolaget. Ifølgje politiets sikting brukte han lange trestenger med krokar til den illegale koplinga til straumnettet.

I morgon møter mannen for Sunnfjord tingrett, sikta for langvarig tjuveri av ukjende mengder elektrisk straum.

— Dette er tjuveri frå fellesskapet, og dessutan direkte livsfarleg, seier direktør Per Storegjerde i Sunnfjord Energi AS.

Livsfarleg

Ifølgje Storegjerde skjer det frå tid til anna at folk tappar straumnettet ulovleg, men det er ikkje snakk om svært mange saker.

— Når vi oppdagar slikt, ordnar vi som regel opp direkte med den det gjeld. Men i grove tilfelle, som dette, blir saka politimeld som tjuveri, seier direktøren.

Han kan ikkje seie kor store mengder energi mannen rakk å tappe frå nettet dei dryge to åra han hadde tjuvkopla seg på, fordi:

— Han hadde dessverre ikkje montert eigen målar på tjuvkoplinga, seier Storegjerde lakonisk.

Dermed er det heilt ukjend kor stort mannens elektriske tjuvegods er.

Uansett går det inn i den store potten som alle energilevrandørar opererer med, nemleg nett-tap. Dette er differansen mellom dei mengdene straum som blir tilført lokalnettet frå produsent, og den mengda straum som blir registrert ute hjå forbrukarane.

Dette lokale nett-tapet ligg normalt ein plass mellom fem og sju prosent.

Stel frå alle strømkundar

— Dette er ein tapspost som blir dekka inn gjennom den nettleiga forbrukarane må betale. Slik tjuvkopling blir dermed det same som å stele frå alle andre straumkundar, seier Storegjerde.

Han understrekar at denne verksemda er svært farleg for lekfolk. Likevel har energiselskapet sett eksempel på stor kreativitet frå straumtjuvane si side.

— Nokre tjuvkoplingar er så amatørmessige at alle og einkvar kan avsløre dei. Men vi har også sett at folk har stole utstyr frå oss eller andre leverandørar, og deretter kopla seg opp på nærast profesjonelt, fagmessig vis. Ei slik tjuvkopling kan vere heilt uråd å avsløre utan å sjekke det opp mot abonnentregisteret, seier Storegjerde.

Han vil ikkje kome så mykje inn på den konkrete saka, men opplyser at sikta truleg har vore oppdaga og fråkopla i periodar, men at han har tjuvkopla på nytt.

For politiet er dette ei regulær tjuverisak, sjølv om tjuvegodset ikkje akkurat kan leggjast fram på rettens bord som handfast prov.

— I denne saka har vedkommande erkjent dei faktiske omstenda, men han nektar straffskuld, seier politiadvokat Terje Gjertsen, som skal aktorere saka mot energitjuven.