Steinknusaren er stolen frå Kyrkjeteigen ved Bømoen på Voss.

— Ja, det er ei kjempestor sak, reint fysisk sett. Må ha den på hengar for å få den med seg, seier politioverbetjent Jon Olav Heggseth ved Voss lensmannskontor.

Steinknusaren vart stelt i løpet av førre veke. Eigaren oppdaga det i går, søndag. Saka vert meldt til politiet i dag.

— Dei har meisla laus knusaren frå betongelementet og skåre sund boltar. Dei er ganske frekke når dei kjem inn her og stel den gamle steinknusaren min, seier eigar Kjell Magne Rong til bt.no.

Rong seier at steinknusaren veg mellom to og tre tonn. Ein ny vil truleg kosta mellom 50.000 og 100.000 kroner.

Det går traktorspor fram til staden der knusaren var stolen, så Rong er ikkje i tvil om kva reiskap som er nytta i tjuveriet.

— Steinknusaren var steingammal, men lite brukt og i god stand. Truleg er den tatt med ein traktor med pallegafflar bak, seier Kjell Magne Rong.

Kjell Magne Rong
Kjell Magne Rong