I tillegg må han ut med 10.000 kroner i bot og 34.000 kroner i erstatning

Mannen erkjente i Sunnfjord forhøyrsrett heile den lange lista med tiltalepunkt, skriv avisa Firda. Innbrot og brukstjuveri av motorbåt og bil er blant dei andre tiltalepunkta.

Det var ei juninatt i fjor at seks 10-litersdunkar med 96 prosents smuglarsprit som politiet hadde teke beslag i, vart stole frå lensmannskontoret i Askvoll under eit innbrot. I tillegg til spriten stal tjuvane eit tv-apparat, eit stereoanlegg og høgtalarar frå beslagsrommet til politiet.