Den 35 år gamle mannen var på besøk hos sjefen fleire gonger i perioden januar til mai 2006. Som regel skjedde dette på natta etter at han hadde vore på byen.

Bilnøklar og bankkort

Husnøkkelen stal han frå sjefen på jobb. I tillegg til mat tok han fleire minibankkort og bilnøklar då han var i huset til sin overordna.

35-åringen skal ha hatt pengeproblem på grunn av speleavhengigheit, og prøvde å få ut pengar frå sjefen sine minibankkort. Bilnøklane brukte han berre til å låsa seg inn og ut av bilen.

Tilstod

35-åringen tilstod alle forhold i retten, og det blei derfor gitt tilståingsdom i saka. Nordfjord tingrett har dømt han til 30 timars samfunnsstraff. Han må ikkje betala oppreising til sjefen, fordi han alt har betalt tilbake dei 10.000 kronene han skulda han.