Terje Ulvedal

Tjuvane har fått med seg 20 ampullar med dormicum, eit medikament som i følgje politiet er livsfarleg å innta utan at doseringa er bestemt av lege.

I tillegg har tjuvane fått med seg tre pakkar av det roane middelet stetsolid.

Innbrotet skjedde i distriktstannklinikken i Elvegården i Førde sentrum, og blei først oppdaga då dei tilsette kom på jobb i åtte-tida i dag tidleg.

Tjuvane har komme seg inn i bygget via taket der dei har knust eit takvindauge.