• Simpelt og nedrig, seier kyrkjeverja.

Medan gravfølgjet var samla på gravplassen utanfor Selje kyrkje, forsynte uærlege sjeler seg med minnegåva inne i kyrkja. Ingenting låg att av pengane som var samla inn til omsorgssenteret der avdøde budde.

— Eg kan ikkje skjøne kva slags menneske som får seg til å gjere noko så simpelt og nedrig som dette. Eg har ikkje ord for kor vondt dette er, seier kyrkjeverje Helge Borgund til Fjordenes Tidende.

Pengane var samla opp i ei lita korg plassert inne i kyrkja, men det er uvisst kor store beløpet var.

— Vi har vel vore naive som har trudd at slikt skjer ikkje her. Vi har gjort det slik i alle år, men no har vi skjerpa rutinane slik at kyrkjetenaren skal vere i nærleiken, seier Borgund til NRK Sogn og Fjordane.

Han fortel at dei pårørande er sjokkerte og lei seg over at noko slikt kunne skje. Også lensmannen i Selje, Bård Didriksen, er overraska over det uvanlege tjuveriet.

— Det er såpass trist at det er vanskeleg å setje ord på det. Når folk kan gjere slikt, så er det berre leitt, seier han til NRK.

Fellesrådet har bestemt seg for å gje 2000 kroner i minnegåve sidan pengane var i deira varetekt då dei forsvann.