Frekk, frekkare, frekkast: Et heilt mål med ved er borte frå garasjen til Aslaug Skjeldestad (74) og Astrid Hauge (77) i Sogndal.

Midt i tettbygde Kongabergveien i Sogndal har tjuvraddane teke seg til rette i bodene til det to damene.

– Ekkelt, seier Aslaug til Sogn Avis.

– Skremande, seier Astrid.

Ikkje anmeld Ingen av dei forstår kven som er så freidige at dei dristar seg til denne slags innbrot.

– Eg var vekke juleafta og 1. juledag, så for alt eg veit kan tjuvane ha vore her då, seier Aslaug til Sogn Avis.

De to byr berre eit par hus ifrå kvarandre – begge åleine.

På spørsmål om ho har meld saka til politiet, svarar Astrid slik:

– Politiet? Nei, eg vil ikkje ha noko med politiet å gjera, seier ho.

— Utruleg

Barnebarnet til Aslaug, Terje Skjeldestad, er rysta over vedskurkane.

– Det er utruleg at nokon kan vera så frekke, seier han til Sogn Avis.

Det er tydeleg at tjuvane visste kva dei var på jakt etter. Syklar og verkty er nemleg ikkje rørt.

TOR YTTRI/SOGN AVIS