I Sogn tingrett la han alle korta på bordet og tilstod bådegulltjuveriet og ti andre tjuveri. I tillegg er han dømt for biltjuveri,promillekjøring og kjøring utan førarkort.

I følgje dommen tok 22-åringen seg inn på eit hotellrom iIndre Sogn i mars i år, der han fann ein bag med tre gullbarrar, eit kamera ogdiverse mobilutstyr.

Verdien på gullet var 874.654 kroner, skal ein trutiltalebeslutninga.

Retten la likevel ikkje til grunn grunn at 22-åringen vissteat det var gullbarrar i bagen han stal. I retten forklarte mannen at han truddeden inneheldt kamera, pc og liknande. Utfrå dette finn retten likevel grunn tilå domfelle mannen for grovt tjuveri på dette punktet.

Forutan gullkuppet tilstod 22-åringen ein serie simpletjuveri i heimbygda si, der han har stole alt frå påhengsmotorar, motorsager oggummibåtar til kassaapparat og kontantar – i alt ti tilfelle, begått itidrsommet mellom juni og november i fjor.

Dommen i Sogn tingrett fastslår dessutan at 22-åringen kanvinke farvel til førarkort for resten av livet, etter blant anna å ha blittstoppa bak rattet med promille på 1,96. Bakgrunnen er at han også i 2009 vartdomfelt for ruspåverka kjøring.

Retten meiner at både det grove gulltjuveriet ogpromillekjøringa i utgangspunktet kvalifiserer til fengselstraff utan vilkår.Men retten vurderer 22-åringen som eigna for samfunnstraff, og dømmer han difortil 180 timars samfunnsteneste, subsidiært eit halvt års fengsel. Han må ogsåbetale 61.771 kroner i erstatning til Terra forsikring og ein privatperson.