Arne Lutro

Ingen av klokkene var merka med pris, men likevel valde dei tre tjuvane den dyraste klokka i butikken til Fagerthun gullsmed i Os sentrum. Tjuveriet skjedde i 15-tida i går.

I følgje politibetjent Kenneth Rastad ved Os lensmannskontor skal det ha vore eit profesjonelt gjennomført tjuveri.

— Tre personar samarbeidde og stal klokka medan betjeninga vart forstyrra. Dei må ha visst kva dei var ute etter, då dei berre tok ein klokke, seier Rastad.

Klokka skal ikkje ha sett spesielt dyr ut, men har ein salsverdi til 9000 kroner.

Etterlyser tre personar

Politiet i Os etterlyser no to menn med asiatisk utsjånad og ei norsk kvinne.

— Vi trur ikkje at dei kjem frå Os og har sendt ut etterlysing til dei andre i distriktet, seier Rastad.

Kvinna er i byrjinga av 20-åra, har langt halvblondt hår og gjekk med grå genser og svarte bukser. Ho snakka bergensdialekt.

Dei to mennene snakka ikkje flytande norsk. Den eine er rundt 185 cm høg og hadde på seg ein kvit og raud hettegensar.

Den andre var om lag 160 cm høg og gjekk i svart hettejakke og grøne bukser. Sistnemde er i 16-årsalderen.