Dei køyrte ikkje langt, dei to sotrakarane som stal ein bil på Rong i morgontimane i dag. Litt lenger nord, på Tjeldstø, hamna bilen i sjøen.

Ein person som vakna av støyen i 0504 i dag tidleg varsla AMK. Politiet rykka ut med full styrke på meldinga.

— Personen observerte bilen flyte i sjøen med lysa på. Like etter sokk bilen til tre meters djupne, seier operasjonsleiar Arnold Johannesen.

Det vart dykka ved bilen og raskt avklart at det var ingen personar sitjande att i bilen.

— Dei har truleg køyrt bilen på sjøen med vilje, seier Johannesen.

Bilen vart fiska opp frå tre meters djup i morgontimane i dag. Like før var bilen meldt stolen på Rong. Etter tips om kven biltjuvane kunne vere, vart to personar pågripe like etterpå.

To menn på 24 og 27 år sot no i varetekt. Dei er begge frå Sotra og begge må avgje blodprøve.

Bjørn Otto Aarheim
Bjørn Otto Aarheim