Mandag kveld leitte politiet på Osterøy framleis etter to personar som stal ein lys grå Subaru SR 44619 frå Lonevåg. Ved 15.30 tida mandag kolliderte bilen med ein personbil på Hosanger. I denne bilen var eit eldre ektepar, som ikkje kom til skade i kollisjonen.

— Bilen er så skadd at dei truleg ikkje kjem langt. Dei har ikkje forlete Osterøy, seier lensmannsbetjent Asle Brattholmen ved Osterøy lensmannskontor, som ber publikum om hjelp.