Saman med to andre, stal den 38 år gamle rumenske mannen bankkort frå eldre. Korta brukte han til å ta ut og kjøpe varer for til saman 370.000 kroner.

I Bergen tingrett tilsto mannen til saman 16 grove tjuveri og ni bedrageri.

Kjøpte gåvekort

Framgangsmåten var kvar gong den same: For det meste eldre menneske blei fråstolne bankkorta sine. Bankkortet tok han og to andre menn med seg til minibanken, der kortet blei tappa for så mykje som råd.

Deretter blei same kortet brukt til å kjøpe Spend on-gåvekort hos Narvesen. Slik fekk 38-åringen ut minst 20.000 pr. kort, og ofte langt meir: I fleire tilfelle blei mellom 50.000 og 70.000 kroner tappa frå kortet.

93-åring

Ei 93 år gammal kvinne var det eldste offeret. Fleire andre var fødde på 1920— og 1930-talet.

Tjuveria tok plass i fleire omgangar: Først i 2011 i Bergen og Os, seinare i Kristiansand, fleire stader i Sverige, tilbake til Bergen i 2013, så til Porsgrunn, og deretter tilbake til Sverige.

— Å stele var som ein jobb for oss, forklarte mannen i politiavhør.

Ein medsikta sa på same måte at føremålet med å kome til Norge, var å tene pengar på steling.

Fotografert

Mannen tilsto tjuveri og bedrageri i saker der han såg seg sjølv på overvåkingsbilete. I retten forklarte han at han blei pressa ut i kriminalitet fordi han ikkje kunne betale tilbake ein lånehai. Han sa vidare at lånehaien hadde knokke foten på eit av barna hans for å presse han. Mannen forklarte at han var fembarnsfar.

Retten har «stor forståelse» for situasjonen, skriv dei i dommen. Men «gjennom å ty til kriminelle handlinger fremfor å søke jobb i Norge eller Sverige, har han likevel selv stilt seg i den vanskelige situasjonen».

Mannen blei dømd av Bergen tingrett til fengsel i to og eit halvt år, i tillegg til å betale tilbake pengane han hadde stole.

«Retten har også vektlagt at de fleste fornærmede i saken er eldre mennesker, som både er mer sårbare og lettere kan distraheres i gjerningsøyeblikket», skriv retten.