Tjuvane hadde også brote seg inn i bilforretninga, ved å ta ut ei rute på baksida av bygget. Dei tok med seg både kostbart elektronisk utstyr for reparasjon av bilar og to PC-ar med flatskjerm.

— Innbrotet skjedde mellom klokka 6 og 7 søndag morgon. Vi er veldig interesserte i kontakt med folk som kan ha sett aktivitet i området i dette tidsrommet, seier politibetjent Tore Knudsen ved Fyllingsdalen politistasjon.