Dei to største messinglysestakane var ei gåve til kyrkja i Sogndal i 1619. Til sist veke har dei fått stått i fred, først i stavkyrkja og seinare i den nye kyrkja som blei bygt i andre halvdel av 1800-talet.

Ifølgje Sogn Avis har tjuvane teke seg inn gjennom sidedøra til dåpssakristiet. Det er berre dei fire lysestakane som er vekke.

— Slik det ser ut for oss er det berre stakane tjuvane har vore interesserte i. Dei har nok visst kva dei skulle ha med seg, seier kyrkjeverje Jorunn Merete Haukås-Eide.

Det var presten som oppdaga at lysestakane var vekke då han var i kyrkje fredag ettermiddag.