— Folk får seg til å gjere kva som helst for pengar. Eg er heilt sikker på at tjuvane berre har vore ute etter desse gamle tinga, seier Reidun Heggen.

Ho og ektemannen Olav fekk fredag beskjed frå ein granne om at det hadde vore ubedne gjester inne i seterhuset deira på Heggjasetra, eit par mil frå Nordfjordeid.

Det gamle selet frå 1700-talet blir brukt som fritidshus, og blant innbuet var både eit gammalt skap og eit handvove teppe.

— Skapet har stått der i generasjonar. Det hadde ei slags enkel rosemaling, med årstalet 1809. Det er eit pent, lite skap, med dør og to hyller, fortel Heggen.

Døra broten opp

Det handvovne teppet var eit gammalt åkle, og hekk på veggen over sofaen.

— Eg vil tru det var frå 1800-talet eit gong. Dette er forferdeleg irriterande, seier Heggen.

Også hos ein nabo hadde tjuvane vore inne i selet, og i eit gammalt fjøs. Det ligg fleire seterhus og hytter i dalen, og Heggen ser ikkje bort frå at enda fleire kan ha fått besøk.

Setra ligg langs ein veg som går vidare til Volda, og det er difor enkelt å kome seg til og frå.

— Men dei har vore frekke. Dei kunne ikkje vere sikre på at ingen kom forbi og såg dei. Døra var broten opp, seier Heggen.

Det har vore fleire innbrot i området dei siste åra.

— Men vi har ikkje tenkt på at desse tinga kunne bli tatt, seier Heggen.

- Fotografer grundig!

Akkurat det er vanleg, seier ein av dei som har etterforska flest antikvitetstjuveri i Noreg.

— Eigarane tenkjer gjerne ikkje ut frå eit verdiperspektiv, fordi sakene har stått der i generasjonar. Men dette er attraktive ting, seier politiinspektør Ivar Husby i Politidirektoratet. I mange år arbeidde han med denne typen saker i miljøteamet hos Økokrim.

— Eg har sett stølar som har vorte totalt ribba: Innvendig bordkledning, vindauge, dører og karmar fjerna, pluss alt innbu, seier Husby.

Han rettar ei innstendig oppmoding til alle som har slike verdiar om å sikre seg fotografi av tinga, helst med digitalt kamera.

— Det gjer etterforskinga og etterlysinga uendeleg mykje enklare og meir effektiv, seier Husby. Spesielle detaljar ved gjenstandane bør fotograferast særskilt, for eksempel skader eller andre merke.

— Det er ofte ikkje enkelt å kjenne att eit skap etter at det er sandblåse eller luta ned. Slike særmerkte detaljar er uvurderlege, seier Husby.

Hans erfaring er at tjuvane som regel er lokalkjende og veit kva som er å hente.

— Bestillingstjuveri har eg til gode å oppleve. Men tinga blir ofte omsett svært kjapt. Eg har sett gjenstandar som har skifta eigar åtte gonger på ei veke. Dei som til slutt kjøper, er ofte i god tru, seier Husby.