Tenestemenn frå fleire lokale lensmannskontor er no i Askvoll for å etterforske det simple tjuveriet. Politiet opplyser at dei har sikra ein del spor, men er så langt sparsame med opplysningar.

Mannen, som er i 60-åra, budde åleine i bustadhuset. Han tok seg ein sykkeltur rundt mid-dagstider i går. Då han kom tilbake seint på ettermiddagen fann han skapet med pengane tømt.

— Tjuvane har brote opp kjellardøra. Vi er sikre på at det i alle fall låg i overkant av 100.000 kroner i skapet, opplyser lensmann Oddvar Indrebø. Etter det Bergens Tidende kjenner til skal ganske mange ha visst om at mannen oppbevarte relativt store pengesummar heime.

— Er det naboar som har sett noko?

— Vi har som sagt ein del spor, men eg vil ikkje gå i detaljar om kva dette er, svarar lensmannen.