Ulukka skjedde på skyljerommet ved tryggleiksposten på det psykiatriske sjukehuset i Kvinnherad kommune.

Tryggleiksposten er ei lukka avdeling for pasientar som kan vere til skade for seg sjølv om andre. Væpna med ei saks gjekk ein pasient til angrep på ein kvinneleg tilsett.

Ifølgje kommunikasjonssjef i Helse Fonna, Margareth Langebro, gjekk kvinna til lege etter hendinga, der det vart konstatert at hadde fått lettare fysiske skader.

– Kva gjer ei saks på ein lukka tryggleikspost?

– Dette skjedde ikkje på eit pasientrom, men på fellesarealet. Der er det ingen reglar for dette, seier Langebro, men legg til at dei dagen etter hendinga gjekk igjennom avdelinga og fjerna alle potensielt farlege gjenstandar.

Kvinna har fått hjelp etter hendinga, og sjukehuset vil varsle politi og arbeidstilsyn om saka, seier Langebro.

No skal Helse Fonna kartleggje sine prosedyrar.

– Er tryggleiken ved Valen sjukehus god nok?

– Vi meiner den er god nok, men dette var ei uønska hending. Når slike avvik oppstår, må vi ta tak i det, seier Langebro.