Sørfjorden i Hardanger tysdag kveld klokka 20.50

— Vi hadde ein politibil i ferjekøen på fylkesveg 550 frå Utne mot Odda. Målet var å ta farlege bilistar, seier politioverbetjent Terje Oksnes ved Odda politistasjon til bt.no.

— Ein bil tråkla seg forbi ferjekøen i stor fart. Politibilen la seg på hjul, men stoppet biljakta då farten vart uforsvarleg stor, seier Oksnes. Oksnes er usikker på kor stor fart bilen hadde,

Hardanger Folkeblad skriv at farten var oppe i mellom 130 - 140 km/t mellom Nå og Måge.

Ein annan politipatrulje prøvde å stogge bilisten lenger inne i fjorden, men fann han ikkje.