I fem-tida søndag morgon rykka politiet ut etter ei melding om utforkøyring like nord for Skei i Jølster.

Ifølgje vitnar på staden som var i kontakt med bilføreren, verka han rusa. Bilføreren var ikkje fysisk skadd og stakk frå staden før politiet kom, skriv politiet i loggen sin.

Saka blir etterforska vidare.