Hendinga i Luster er tredje gongen på under 14 dagar at pasientar spaserer ut frå helseinstitusjonar i Sogn og Fjordane. I to av tilfella har leiteaksjonane enda med at pasientane blei funne omkomne.

— Tilfeldig

Fylkeslege Petter Øgar ser så langt ingen grunn til å be helseinstitusjonane i fylket vurdere tiltak.

— Slike hendingar som dette er sjeldne. At vi no har hatt tre slike tilfelle på mindre enn to veker vel eg å sjå på som ei tilfeldig opphoping, kommenterer Øgar.

Fylkeslegen har alt avslutta undersøkinga av den første av «pasient-rømmingane», ei kvinne som døydde etter at ho tidleg ein morgon gjekk ut frå sjukehuset på Nordfjordeid. Kvinna blei funnen omkomen i ei lita elv.

Fylkeslegen finn ingen grunn til å kritisere sjukehuset.

Funnen i bekkefar

Natt til sist fredag tok ein pasient seg ut av omsorgssenteret i Gaupne. Personalet oppdaga raskt at mannen hadde forsvunne, og dei sette i gang leiting. Dei fann spora til mannen i snøen, og han blei funnen død i eit lite bekkefar 50 meter frå institusjonen.

— Dødsårsaka er fastslått til å vere hjartesvikt, men truleg har også fysisk anstrengelse og nedkjøling vore medverkande, opplyser lensmann Asle Karoliussen.

Smitteeffekt?

Til BT seier lensmannen at det ikkje var signal som skulle tilseie at det var nødvendig med spesielle tiltak overfor pasienten. Han hadde vore innlagt på omsorgssenteret ei knapp veke.

— Vi antar at pasienten rett og slett ville tilbake dit han hadde budd før, seier Karoliussen.

Det tredje tilfellet skjedde ved sjukehuset i Florø. Her blei pasienten som stakk av funnen i live.

— Ein tanke som har slått meg er om vi rett og slett kan ha med ein smitteeffekt å gjere, seier fylkeslege Øgar.