Tre polititenestemenn og fleire frivillige leitte i seks timar etter at eit vitne fann ein kvelva båt ved Kilstraumen i Austrheim ved 13-tida søndag.

Først ved 19-tida søndag kveld fann politiet ut kven eigaren var. Han svara slik då han blei spurt kvifor han ikkje varsla politiet:

— Eg tenkte det ikkje var vits i. Eg trudde båten ville gå til bot-nar.

- Fekk problem

— Det er heilt skandaløst å halde politi og samfunn for narr på denne måten, seier lensmanns-førstebetjent Roar Tofting ved Radøy lensmannskontor.

Berre litt av båten stakk opp av sjøen, og sterk vind og dieselsøl gjorde det umogeleg å sjå kjen-nemerket på fartøyet. Ved hjelp av ein lokalkjend ungdom klarte politiet til slutt å finne ut kven eigaren var. Då var det gått nesten seks timar sidan båten blei funnen.

— Mannen har fortalt at han fekk problem med båten og måtte gå på land, fortel lensmannsførste-betjenten.

Eigaren sit søndag kveld i avhøyr. Han risikerer bot etter at han forlet båten utan å melde frå.