— Det blir knapt slakta ei kyr av vestlandsk storfe. Talet på dyr veks med kring 20 prosent kvart år. Vi reknar med at rasen no tel kring 350 kyr. Flesteparten av dei finst på Vestlandet, men det finst også nokre buskapet på Austlandet og i Sverige, seier Nils Drabløs, leiar i Laget for vestlandsk storfe.

Utan storinnsatsen som blei gjort på 80-talet, mellom andre av Norsk Landbruksmuseum, kunne vestlandsfeet i dag vore utrydda. Berre kring 70 individ var att då redningsarbeidet tok til med å registrere individ og syte for avl for å få opp bestanden. I dag har vestlandsk storfe fått ein kraftig renessanse.

— Bøndene har fått augene opp for at denne gamle rasen har kvalitetar. Dei mjølkar rett nok mindre, men så er dei også langt lettare og treng mindre areal. Dermed går det an å ha fleire dyr. Vestlandsk storfe held godt saman i flokk, og rasen høver svært godt til økologisk drift, seier Drabløs.