Den tidlegare Bømlo-båten var den første skøyta som drog til Shetland med norske flyktningar i 1940. Kutteren har no fått eit nytt liv som flytande museum og klasserom på Hitra i Sør-Trøndelag.

Det er Per Johnson (59), oslomannen som flytta til Hitra og blei einebuar på øya Helgebostad, som tek vare på skøyta for det lokale museet. Hans iherdige innsats har sikra restaureringmidlar frå både Riksantikvaren og Marinen, etter at det i fjor såg kritisk ut.

Fire att

Av dei mange vestlandsskøytene som blei sett inn i flyktning— og motstandsarbeid på tvers av Nordsjøen under siste verdskrigen, er fire restaurerte for å bli tekne vare på for ettertida. Utanom «Vita» er det «Heland» og «Erkna» på Sunnmøre og «Andholmen» i Stavanger.

«Vita» blei bygt i Risør i 1939 som fiskebåt for Jens og Oskar Agasøster og Lorentz Rolfsnes. I mai 1940 blei båten rekvirert av Marinen for å frakta fire norske offiserar over til Shetland.

Dermed blei Rolfsnes-skøyta ein del av Shetlandsgjengen. Etter sju vellukka turar blei båten i september 1941 lokka inn i ei tysk felle ved Folda, fordi Rinnanbanden hadde infiltrert okkupasjonsmotstandarane som venta på «Vita».

Deretter var skøyta i tysk teneste som vaktbåt og mineryddar resten av krigen. Etter fredsslutninga fann Jens Agasøster og Lorentz Rolfsnes att ei ombygd og herja «Vita» i Kristiansund.

Etter omfattande reparasjonar blei «Vita» på ny fiskebåt. «Vita» var på juksafiske på Finnmark-kysten, og fangsta brisling på Vestlandet og brugde i Nordsjøen.

Før skøyta blei erklært verneverdig for 15 år sidan, var ho ein Halsnøy-registrert fiskebåt med namnet «Thule».

Adoptert

Sjølv om dei første eigarane var frå Bømlo og «Vita» er adoptert av Rolfsnes skule på øya, blir båten lite å sjå i Sunnhordland. For på Hitra er «Vita» blitt ein populær båt for trønderske skuleklassar, og er eigd av Sørfosen Museum.

— Behovet er stort. «Vita» gir basiskunnskap om sjøen og om krigen, seier Per Johnson.

Johnson er for tida er oppteken med ei større plankutskifting på krigsveteranen. Arbeidet blir utført av Kvernhusvik skipsverft, og av Per Johnson på dugnad.

— Båten blir neppe klar til sommaren. Men fin skal han bli, seier Johnson.

VITALE «VITA»: Nordsjøskøyta «Vita» fotografert i Bergen i 1995 i samband med 50-årsmarkeringa for freden.<p/> ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH