I november var trafikkveksten 27,4 prosent i sambandet i forhold til samme månad i fjor.

Av dei 16.180 bilane som blei frakta, var det 198 som ikkje kom med næraste avgang på grunn av full ferje. Det er dobbelt så mange attståande bilar som i november 2000. Trafikkauken i HSDs ferjesamband var totalt 2,4 prosent eller 4114 bilar.

Det største sambandet, Halhjem-Sandvikvåg auka med 11,9 prosent, medan Skånevik-Matre-Utåker framleis er i "fritt fall", no med 35,4 prosent reduksjon.