At norske kvinner røyker som aldri før, er i ferd med å få alvorlege konsekvensar, viser nye tal som Bergens Tidende har henta inn frå kreftregisteret.

I 1998 fekk over 600 kvinner lungekreft i Norge, og det er femti prosent fleire enn for berre ti år sidan.

— Dette er ein temmeleg dramatisk auke, meiner avdelingsoverlege Sverre Sörenson på lungeavdelinga ved Haukeland Sykehus.

Går ein endå lenger tilbake i tid, er tala mildt sagt oppsiktsvekkjande: Sidan 1968 har talet på kvinner med lungekreft auka med 450 prosent.

Stadig yngre kvinner

Over 1800 personar fekk lungekreft i Norge i 1998. Framleis får flest menn diagnosen, men dette talet har stabilisert seg, og dessutan vist ein synkande tendens dei siste åra.

For kvinnene er situasjonen motsett. Lungekreft ser ut til å bli den krefttypen som hyppigast kjem til å ta livet av kvinner dei neste tjue åra, kom det fram på ein kongress for lungelegar i Tyskland nyleg.

Desse internasjonale tendensane blir stadfesta av norske tal og fagfolk. På Haukeland Sykehus i Bergen får lungeavdelinga kvart år inn 30-40 kvinner med nydiagnostisert lungekreft.

— Halvparten av dei eldre pasientane er over 70 år, og der er det klar overvekt av menn. Men blant kvinnene er det stadig fleire yngre pasientar i 40-50-årsalderen, og det er ei bekymringsfull utvikling, meiner Sörenson.

Rammar born og barneborn

Dagleg tobakksrøyking i minst 20 år aukar risikoen for lungekreft, og det er kvinner som begynte å røykja på 1970- og 80-talet, som no tek til å koma inn på sjukehusa med lungekreft.

Det er ikkje eintydig påvist at kvinner har større risiko for å utvikla lungekreft enn menn. Men Sörenson stadfestar at det kan sjå ut som om kvinner har vanskelegare for å slutta å røykja enn menn.

— Lungekreft rammar ikkje berre éin person, men heile familiar. Desse kvinnene i 40-50-åra har ofte born og barneborn. Altfor mange kvinner røyker, og spørsmålet er: Kva kan samfunnet gjera? Eg har ikkje svaret. Men eg trur det viktigaste er å ikkje begynna å røykja.