Salskurvene til dei amfetaminliknande preparata Concerta og Ritalin peikar bratt oppover på Apotekerforeningens bransjestatistikk. Dette er ADHD-medisinar, som først og fremst blir skrivne ut til barn mellom 6 og 18 år.

Preparata er blitt billegare i pris, og er enklare å bruke for dei yngste. Med nye medisinar treng barna berre ein tablett eller kapsel om dagen, og slepp dermed å hugse å ta medisin i barnehagen eller på skulen.

I 2006 selde norske apotek ADHD-legemiddel for 121 millionar kroner, som er 12,5 prosent meir enn året før.

Samtidig steig bruken av desse medikamenta med drygt 20 prosent i Hordaland, samanlikna med 2005. Dette er same forbruksvekst som på landsbasis.

— Det er mykje på eit år, men det har lenge vore underbehandling av ADHD, og mange har framleis ikkje fått riktig diagnose, seier overlege dr.med Einar Heiervang ved Haukeland Universitetssjukehus.

- Tidleg diagnose viktig

Statistikken viser at det først og fremst er gutar som brukar ADHD-medisin. Høgast er forbruket i aldersgruppa 12-14 år med cirka 80.000 døgndoser. For jenter på same alder ligg forbruket på 25.000 doser. At gutane er i fleirtal er som forventa, seier Heiervang, ettersom langt fleire gutar får diagnosen.

Assisterande generalsekretær i ADHD-foreningen, Knut Bronder er samd, men legg til at diagnosekriteria er utvikla for gutar.

— Derfor er det problem med å fange opp dei stille, konsentrasjonssvake jentene som ikkje har impulsivitetsproblem, seier Bronder.

Etter Heiervang sitt syn er det vanskeleg å stille ADHD-diagnose før ved 5-6-årsalderen. Dette er også riktig tidspunkt for tilrettelegging for barnet, ikkje minst i høve til skulen. Ein tidleg diagnose er viktig, understrekar han.

— Då kan ein kome tidlegare i gang med behandling, og unngå ein del tilleggsproblem som rus, adferdsvanskar og kriminalitet, og problem i samband med skule og utdanning.

— Kor stor er faren for overbehandling?

— Det er viktig å følgje med, for dette er sentralstimulerande medikament som påverkar hjernefunksjonane. Men vi har ingen dokumentasjon på at det er overbehandling av barn enno. Dessutan blir så å seie aldri pasientar avhengige av desse preparata, seier Heiervang.

- Streng kontroll

Heiervang er med i leiinga for «Barn i Bergen»-undersøkinga ved Regionsenter for barn og unges psykiske helse.

I april vil dei publisere nye tal frå «Barn i Bergen» for kor mange norske barn som lever med ADHD i eit amerikansk fagtidsskrift.

  • I USA får 10 prosent av alle gutar medisinsk behandling for ADHD. Det er altfor mange, etter vår meining. I Noreg ligg talet langt under dette.

Til forskjell frå USA er det berre psykisk helsevern for barn og unge som kan stille ADHD-diagnosen her i landet. Derfor meiner ADHD-foreningen at risikoen for overbehandling er mindre enn for andre diagnosar.

— Terskelen for å skrive ut slike medikament er høg, og kontrollen streng, seier Bronder.

— Det er gledeleg at fleire får hjelp. Vi som brukar desse medisinane veit at dei utgjer ein stor forskjell i dagleglivet.

I Sogn og Fjordane steig forbruket av ADHD-preparat med 4,4 prosent i 2006, samanlikna med året før.