• Naturen gjer deg nyfiken, og gir deg lyst til å læra, sa Kjellbjørg Lunde då ho opna Nordisk Naturskule Eidfjord i går.

Direktøren ved Statens Utdanningskontor i Hordaland vart utnemnd til gudmor for det nye læretilbodet i Øvre Eidfjord.

Ordførar Ola B. Hereid omtalte Oddvar Brakestad, sjefen på senteret, som far til prosjektet og naturrettleiar Alf Tore Mjøs som stefar.

Det er Mjøs som no får jobben med å føra arbeidet vidare, som dagleg leiar for naturskulen.

I naturen

— Natursenteret har lenge vore eit populært reisemål for skuleklassar. No syter vi for at skulane som kjem på besøk får eit enda betre tilbod, seier Brakestad.

Målgruppene er grunnskular, vidaregåande skular, høgskular, lag og organisasjonar. Blant dei ivrigaste i siste gruppa, er faktisk pensjonistlaga.

Det er utarbeidd fleire faktahefte tilpassa læreplanane, og rettleiing for lærarar. Elevane får bruka både utstillinga i natursenteret og naturen utanfor som «klasserom». Det er også lagt opp til oppfyljing via internett.

I tillegg til kunnskapen kjem fysisk aktivitet heilt gratis. Elevane blir meir robuste, også sosialt, og meir miljømedvitne.

Spenningsfelt

Statens naturoppsyn (SNO) og Statkraft er samarbeidspartar. Kraftutbyggarane ser ikkje på 800.000 kroner i bidrag som rein avlat for naturøydingar. Direktør Kai Erik Tørdal i SNO karakteriserer samarbeidet med Statkraft som konstruktivt.

— Politikarane avgjer kva som skal vernast og kva som skal byggjast ut. det er gunstig å ha eit statleg utbyggingsselskap som ofte viser at dei tek miljøomsyn, seier Tørdal.

LÆRENEME: Undervisningsdirektør Kjellbjørg Lunde hadde med segbarneborna Camilla (6) og Erlend Lunde Colleuille (8) då ho opna Nordisk Naturskule Eidfjord i Øvre Eidfjord i går.
ARNE HOFSETH